Vilkår for heiskort og bruk — Hornindal Skisenter

Vilkår for heiskort og bruk

Personvernerklæring

Desse vilkåra gjeld for alle som brukar Hornindal Skisenter AS (org.nr. 965 432 280) sitt område og anlegg, inkludert alpinanlegg, langrennsløyper og tilhøyrande fasilitetar. Ved å opphalde deg i anlegget aksepterer du vilkåra nedanfor.

Bruk av anlegget

Alle som oppheld seg i anlegget pliktar å fylgje og rette seg etter alpinvettreglane, skilting og merking i anlegget, og instruksar frå skisenterets personell. Foresatte er ansvarlege for born under 18 år. Born skal alltid bruke hjelm i alpinanlegget. Personar som er synleg påverka av alkohol eller andre rusmiddel, eller som oppfører seg til fare for seg sjølv eller andre, kan bli bortvist frå anlegget. Hornindal Skisenter AS førebeheld seg retten til å bortvise personar som bryt desse vilkåra.

Bruk av anlegget skjer på eige ansvar. Brukarar er erstatningsansvarlege for skade dei påfører anleggets utstyr, eigedom eller andre personar. Hornindal Skisenter AS er ikkje ansvarleg for skadar som oppstår ved bruk av anlegget. Vi tilrår at alle brukarar vurderer eiga forsikring, til dømes ulykkes- eller fritidsforsikring.

Langrennsløyper

Langrennsløypene vert preparerte og drivne på frivillig basis. Bruk av løypene skjer på eige ansvar. Hornindal Skisenter AS er ikkje ansvarleg for løypekvalitet, merking eller tilhøve i løypenettet. Vi oppmodar alle til å vise omsyn til andre brukarar og respektere preparert løypetrasé.

Heiskort og bruk

Heiskort gjeld for den perioden og det produktet som er kjøpt. Alle prisar er inkludert mva. Alle heiskort er personlege og kan ikkje overførast til eller nyttast av andre. Alder vert rekna per kjøpsdato. Brukaren skal kunne legitimere seg som rettmessig eigar av kortet ved kontroll. Misbruk av heiskort, medrekna utlån eller bruk av feil kortkategori, kan føre til gebyr og inndraging utan refusjon.

Familiekort og rabattar

Born under 7 år køyrer gratis med gyldig nøkkelkort.
Sesongkort familie: Gjeld for 2 vaksne og born i same husstand. Kortet kan utvidast med tillegg per ungdom i alderen 18–19 år.
Dagskort familie: Gjeld for inntil 2 vaksne og alle born under 18 år.
Studentrabatt gjeld ved framvising av gyldig studentbevis frå universitet eller høgskule.
Honørrabatt gjeld frå fylte 65 år.

Kjøp i nettbutikken

Dei fleste heiskort vert kjøpte i nettbutikken. Du må vere fylt 18 år for å handle i nettbutikken. For å handle må du opprette ein brukarkonto med namn, e-postadresse og nødvendig informasjon for det aktuelle produktet. Du er sjølv ansvarleg for at opplysningane du oppgjev er korrekte, og for å gjere deg kjend med produktdetaljar før kjøp.

Etter gjennomført betaling får du kvittering på e-post med kjøpsdetaljar. Bestillinga er ikkje gyldig dersom du ikkje har motteke kvittering eller betalinga ikkje vart gjennomført. Er du i tvil, ta kontakt med oss.

Heiskort kan kjøpast i nettbutikken med eller utan nøkkelkort. Har du nøkkelkort frå tidlegare kjøp, vert det nye heiskortet aktivert ved første passering. Nye nøkkelkort kan hentast ved skisenteret.

Avhenting og aktivering

Nøkkelkort kjøpt i nettbutikken må hentast ved skisenteret. Heiskortet vert ikkje aktivert før nøkkelkortet er henta og registrert. Det er kjøparen sitt ansvar å hente nøkkelkortet innan heiskortets gyldigheitsperiode. Ikkje-avhenta nøkkelkort gir ikkje rett til refusjon eller forlenging.

Det er kjøparen sitt ansvar å kontrollere at riktig produkt, dato og kategori er valt ved kjøp. Feilkjøp gir ikkje automatisk rett til endring eller refusjon — ta kontakt med oss så raskt som mogleg dersom du oppdagar ein feil.

Kjøp i billettluka

Heiskort kan også kjøpast i billettluka ved skisenteret. Betaling med Vipps eller kort.

Angrerett

Ved kjøp i nettbutikken har du 14 dagars angrerett frå kjøpsdato for ubrukte heiskort. Kortet reknast som brukt ved første passering i heisen, og angreretten fell då bort.

Driftsstans og stenging

Hornindal Skisenter AS kan stenge enkeltløyper, heistrekk eller andre delar av anlegget utan førehandsvarsel. Slik delvis stenging gir ikkje rett til refusjon eller prisavslag. Det vert heller ikkje gitt erstatning eller refusjon ved heil driftsstans, uavhengig av årsak. Hornindal Skisenter AS er ikkje ansvarleg for tap eller ulempe som følgje av stenging eller driftsstans.

Bilete og video

Det kan bli teke bilete og video i anlegget til bruk i marknadsføring og på sosiale medium. Ved bruk av anlegget aksepterer du at du kan bli fotografert eller filma. Ta kontakt med oss dersom du ikkje ønskjer å bli avbilda.

Tvistar

Ved spørsmål eller klagar, ta kontakt med oss på post@hornindalski.no. Eventuell tvist som ikkje vert løyst i dialog, skal avgjerast ved lokal rettsinstans. Det vert teke atterhald om eventuelle pris- og trykkfeil.

Sist oppdatert: 28. februar 2026