Logo og profilmanual — Hornindal Skisenter

Logo og profilmanual

Logoen til Hornindal Skisenter illustrerer dei to toppane Høgenibba og Lisjenibba ved skisenteret. Linjene er samtidig to spor i snøen.

Logo

Hornindal Skisenter logo Lys bakgrunn
Hornindal Skisenter logo Mørk bakgrunn

Fargepalett

Himmelblå Primær logofarge
Oransje Sekundær logofarge, aksent
Mørk blå Hovudfarge, bakgrunnar
Nattsvart Djup bakgrunn

Typografi

Font: Barlow gjennomgåande. Barlow Condensed på hovudoverskrifter.
Stil: Overskrifter i versalar (store bokstavar).

Namn

Hornindal Skisenter — eller Hornindal Ski Resort på engelsk. Juridisk: Hornindal Skisenter AS. Kan også skrivast med blokkbokstavar.

Riktig bruk

Konsekvent og ryddig bruk av logoen bygger gjenkjenning, tillit og styrking av merkevara.

✓ ORIGINAL
La logoen vere heil, utan endringar
La bakgrunnen vere rein og ensfarga
Hald proporsjonane riktige
Gi logoen frisone rundt seg
Plasser logoen harmonisk — sentrert eller langs linjene
Sørg for god kontrast mot bakgrunnen
Boks logoen inn på uroleg bakgrunn o.l.

Feil bruk

Feil bruk reduserer gjenkjenning og svekkjer merkevara.

Ikkje gjer logoen for liten
Ikkje strekk logoen
Ikkje roter logoen
Ikkje bruk logoen direkte på uroleg bakgrunn
Ikkje endre fargane i logoen
Ikkje beskjer logoen
Ikkje gjer logoen gjennomsiktig
Ikkje legg effektar på logoen
😀 😀
Ikkje plasser logoen for tett på andre element
Ikkje bruk gamle logoversjonar
Ikkje plasser logoen uharmonisk
Ikkje bruk bakgrunn med for lik farge som logoen
Ikkje legg unødvendig ramme rundt logoen
Verdens beste
Ikkje legg tekst til logoen
Ikkje endre på logooppsettet