Løype | Lengde | Tidspunkt | Type |
---|---|---|---|
Lysløype, lys til kl. 22.00 | 3 km | Dagleg / ofte | Friteknikk. Eit klassisk spor. |
Rundløype, Grendadalen | 5,5 km | Dagleg / ofte | To klassiske spor. |
Turløype, Honndalssætra | 8,5 km, kvar veg | Til helg | To klassiske spor. Periodevis muligheter for skøyting. |
Turløype, Høgenibba | Ut på sesongen | Eit klassiske spor. |
Preparering skjer som regel om morgonen. Vêr-, sesong-, føreforhold gjer at tidspunkt, frekvens og løypetype vil variere for prepareringa.
Sjå løyper og tidspunkt for sist preparering i kartet under.
Løypestøtte
Langrennsløypene er gratis å bruke men ikkje gratis å tilby. Vi er heilt avhengige av løypestøttemidlar for å kunne gi dette tilbodet.
Frivillig løypestøtte gjevast via eller ved bankoverføring til kontonummer 3991.09.02761 (merk med løypestøtte).
Vi og alle brukarane er veldig takknemlege for bidraga. Takk så mykje!