Trakkemaskin preparerer bakken ved Hornindal Skisenter — Nordfjord og Sunnmøre

Bakke og trekk

Kjøp heiskort Driftsstatus og opningstider Nettkamera Vilkår for heiskort og bruk

Hornindal Skisenter ligg mellom Nordfjord og Sunnmøre, lett tilgjengeleg frå regionen. Varierte bakkar og lange nedfartar, rikt rekrutteringsanlegg, skipark, frikjøring og toppturmoglegheiter — eit komplett anlegg for alle ferdigheitsnivå og for heile familien.

Skitrekk

Hornindalsheisen er eit 1 487 meter langt T-korktrekk frå 390 til 750 moh. — eitt av dei lengste T-korktrekka i landet.

SpareBank 1 Rekrutten er eit 500 meter langt tallerkentrekk, perfekt for nybyrjarar og born.

Bakkar

To hovudnedfartar på 1650 meter frå toppen på 750 moh.: Tverrløypa med flomlys på austsida — den lengste belyste nedfarten i Nordfjord og Sunnmøre, og Fossehengett på vestsida.

Rekrutten har eiga nedfart på 500 meter, med skicross ved sida.

Fleire parallelle løypevariantar i bakkane gir utval i vanskelegheitsgrad og variasjon.

Skipark

600 meter belyst skiparkområde med hopp og rails mellom Tverrløypa og Hornindalsheisen i nedre del av anlegget — for dei som vil ha det både luftig og ekstra sprekt.

Familievennleg

Anlegget er bygt for heile familien — frå nybyrjarar på Rekrutten til vidarekomne på Hornindalsheisen. Rikt utval av vanskegrader, og godt rom for eige tempo i ferdigheitsutvikling. Heisvaktene bistår.

Frikjøring og topptur

Området kring anlegget byr på frikjøring og er eit godt utgangspunkt for toppturar.

Snøforhold

Gunstig plassering gjer anlegget blant dei meir snøsikre i regionen, i tillegg støtta av snøproduksjon.

Heiskort

Kjøp heiskort i nettbutikken og få beste pris: hent keycard i bilettbua, eller fyll på ditt Skidata keycard og gå rett i heisen.

Korttype Born, 8-17 år Vaksen, 18+ år Student / Honnør Familie
To timar230,- 260,-335,- 370,-290,- 315,-
Tre timar270,- 300,-395,- 430,-340,- 380,-950,- 1040,-
Dag355,- 400,-465,- 505,-420,- 470,-1175,- 1290,-
To valfrie dagar610,- 690,-820,- 905,-735,- 810,-2100,- 2310,-
Kveld230,- 255,-320,- 360,-290,- 315,-715,- 780,-
Enkelttur60,- 70,-90,- 100,-80,- 90,-
Ti turar505,- 550,-760,- 840,-690,- 760,-
Sesong3190,- 3510,-4620,- 5100,-3905,- 4300,-9895,- 10900,-
Pris er for nettkjøp, pris i parentes gjeld kjøp direkte i bilettbua.
Born 0-7 år: gratis.
Obligatorisk Key-card (Skidata): kr 75,-.
Inntil to ekstra ungdom (18-19 år) per familesesongkort mot kr. 500 per ekstra ungdom.

Ta kontakt for pris for større grupper eller leige av eigen dag.

Førjulssal

Til og med 23. desember er det kampanje på sesongkort kjøpt på nett.

Sesongkort Kampanje Ordinær
Born, 8-17 år 2870,-3190,- 3510,-
Vaksen, 18+ år 4150,-4620,- 5100,-
Student / Honnør 3515,-3905,- 4300,-
Familie 8900,-9895,- 10900,-

Alpepass

Hornindal Skisenter er medlem av Alpepass — bruk fleire skisenter i regionen på same kort.

Gratis for 4. klasse ved bestilling av sesongkort på nett og henting før 31. januar (gyldig legitimasjon må framsetjast ved avhenting).

Anleggsoversikt

  • A SpareBank1 RekruttenTallerkentrekk 390–475 moh. ca. 500 m
  • B HornindalsheisenT-kroktrekk 390–750 moh. ca. 1500 m
  • C VarmestoveKafeteria, garderobe og WC
  • D Hornindal skistadion
  • 1 Tverrløypa Flombelyst 1650 m
  • 2 Fossehenget 1650 m
  • 3 Rekrutten Flombelyst 500 m

Vanskegrad

Middels krevjande Lett til middels krevjande Lett Snøpark Offpist-retur