Frivillig

Hornindal Skisenter er ein ideell organisasjon drive i hovudsak på dugnad.

Alle som ynskjer å bidra til dugnadsdrifta er hjarteleg velkomne. Vi treng mellom anna heisførara, billettvakter, skiutleigara og kokkar. Ein treng ikkje ha anna tilknyting til skisenteret eller Hornindal enn at ein ynskjer å bidra til å gjere skisenteret til ei flott oppleving for våre gjestar.

Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å bli med i dugnadsgjengen.

Vaktliste

Dugnadsgruppe på Facebook

Grasrotandel

Dersom du spelar hos Norsk Tipping kan du legge til "Hornindal Skisenter AS" som mottakar av din grasrotandel. Du kan sende SMS "Grasrotandelen 965432280" til 60000 for aktivere dette. Vi er takksame for støtta!

Sponsor- og gåvemidlar

Bedrifter er velkomne til å sponse med sponsorpakke og annonsering etter avtale. Private gåvemidlar gjevast gjerne til løypestøtte eller etter avtale. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

ENDRA OPNINGSTID FREDAG

Meldt best vêr på dagen og aukar til meir vind enn vi likar på kvelden. Difor held vi ope kl 10.30-16.30. IKKJE til kl 20.

Opningstider

Onsdag og torsdag: kl 18.00 - 21.00 (ikkje 20. feb)
Laurdag og søndag: kl 10.30 - 16.30

Fredag 21. februar: kl. 10.30 - 16:30